Nattfolket

Festspillene i Bergen

Nattfolket

Cornerteateret

 

Varighet: 1 time og 15 minutter, uten pause
Språk: Synges på norsk, tekstes på norsk
Anbefalt alder: Fra 8 år

Eventyrleg familieopera av Knut Vaage og Bjørn Sortland.

Ordføraren og investorane vil hogge ned den gamle eikeskogen for å byggja hytter. Ungdommane Ciril og Noah tek opp kampen for å redda skogen og alle som bur der.

Nattfolket er ein humoristisk og leiken opera som blandar ei rekkje stilartar og referansar både frå operahistoria – som Mozarts Tryllefløyten og Bizets Carmen – i tillegg til kjende norske barnesongar, popmusikk, samtidsmusikk og rytmiske sprell. Historia er alvorleg og humoristisk på same tid – det er rett og slett ein fugleopera som talar naturen si sak.

Bygda Indre Kluredal er delt i to: Det lokale sentrumet med rådhus, og ein gammal eikeskog der Nattfolket – nokre fugleaktige, menneskeliknande vesen – lever i eit slags magisk univers. Alle i Nattfolket elskar å syngja og å herma etter lyd. Dei er sky og likar ting frå gamle dagar. Få veit at dei finst.

Ordføraren i Indre Kluredal, skogeigaren Kjell, kjem i konflikt med Nattfolket. Dei vil miste livet sitt dersom eikeskogen vert flathogd for å gje plass til det nye hyttefeltet og naturparken Kjell vil byggje. Den einaste motkrafta Nattfolket har, er at dei har ei heks som kan ta songstemma frå folk, slik at livet vert trist for menneska.

Noah og Ciril må henta hjelp frå sjølvaste dronninga i hovudstaden. Og ho er klar som eit egg til å bidra – ho vil vera ei folkedronning!

Nattfolket er ein eventyrleg familieopera for alle frå 8 år og oppover. Operaen handlar enkelt sagt om avskoging og behovet for å ta vare på naturen – ei velkjend tematikk i dagens Noreg – samstundes handlar den også om gleda ved det å synga!

En samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera m/Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene, Den Norske Opera og Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Den Nationale Scene.

Illustrasjon: Lukas Hauge Klemsdal