fredag 12. juni kl. 19:30
Opningskonsert på Hardingtonar
Norheimsund Idrettshall
Kjøp billett
Bergen Filharmoniske Orkester under leiing av det store dirigenttalentet Julie Røssland frå Voss, opnar Hardingtonar med Geirr Tveitt sitt mest kjente verk, Hundrad Hardingtonar. Tveitt samla og teikna ned i si tid meir enn tusen folketonar i Hardangerbygdene. Somme av folketonane omarbeidde han ikkje i særleg grad, medan andre vart utvida og arrangerte. Det var viktig for Geirr Tveitt å liggje så tett opptil originalen som mogeleg.
Geirr Tveitt komponerte pianokonsert nr. 1 under studietida si i Leipzig, Tyskland. Det musikalske språket hans er friskt og tydeleg, og vi høyrer norske toneartar, halling og gangar, men óg påverknad frå kontinentet, som til dømes Bartók.
Jean Sibelius komponerte sin symfoni nr. 5 i åra frå 1914 til 1917, ein periode som leia fram mot Finland sin sjølvstendedeklarasjon frå Sovjetunionen. - I dag kl. 10.50 såg eg 16 svaner. Ein av mine største opplevingar. Herre gud så vakkert! Dei sirkla over meg lenge, skreiv Sibelius i dagboka si 21. april 1915. Under arbeidet med symfonien skreiv Sibelius vidare i dagboka at ''svanane alltid er i tankane mine ... merkeleg å finne ut at ingenting i heila verda, korkje kunst, litteratur eller musikk, rører meg på same måte som desse villgjessa og svanane''. Finalen i femtesymfonien vart av Sibelius sjølv alltid omtalt som svane-hymna hans, kanskje ein hyllest til hans sterke oppleving med svanane.
Julie Røssland kjem frå Voss, og etter å ha fullført sin bachelorgrad i dirigering ved Universitetet i Stavanger, byrja ho i 2023 på mastergraden sin ved Sibelius-akademiet i Helsinki. Julie er medlem av elitesatsinga til Talent Norge, Dirigentforum. Gjennom dette programmet har fått dirigere fleire norske orkestre. Ho er svært oppteken av det norske repertoaret, og som del av hennar bachelorgrad gjorde ho eit fordupningsarbeid på Geirr Tveitt, og særleg fokus på Hardingtonar. Prosjektet resulterte i ei ny kritisk utgåve av den fyrste suiten i Hardingtonar.
Håvard Gimse er ein av våre mest kjente pianistar og er ein god ven av Bergen Filharmoniske Orkester. Han er særleg oppteken av det nordiske og norske repertoaret, som Sibelius, Grieg og Tveitt. Gimse har óg engasjert seg i rekonstruksjonsarbeidet rundt eldre lydopptak med musikken til Geirr Tveitt.
Bildet: Håvard Gimse, foto: Ilja Hendel