Hardingtonar – Åpningskonsert

Bergen Filharmoniske Orkester på Hardingtonar

Hardingtonar – Åpningskonsert

Norheimsund Idrettshall

Sjefdirigent Edward Gardner tek med seg eit uvanleg stort orkester til Hardingtonar i år, heile 110 musikarar.

Det må til for å kunne framføre Vårofferet, Igor Stravinsky sitt banebrytande verk, som skapte sjokkbylgjer då balletten vart sett opp for fyrste gong i Paris i 1913. Både koreografien til Nijinski og musikken til Stravinsky braut med alle etablerte normer, og skandalen var eit faktum då dansarane ikkje held takten. «Verket til ein galen mann», sa operakomponisten Puccini. I dag er musikken trygt etablert på repertoaret, no som eit framleis friskt og nyskapande konsertstykke.

Den store danske komponisten Carl Nielsen byrja på sin einaste fiolinkonsert då han, etter invitasjon frå Nina Grieg, vitja Bergen i 1911. «Musikken må vere god, innhaldsrik og slåande utan å vere overflatisk» sa Nielsen sjølv om konserten. Fiolinkonserten er i gode hender hjå den kanadiske fiolinisten James Ehnes, som fleire gonger har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester.