BFUng på Hardanger Musikkfest

BFUng på Hardanger Musikkfest

Hotell Ullensvang (Hardangerhallen), Lofthus

Visste du at mange av dei mest kjende komponistane var lidenskapelege tennis-spelarar? Dmitri Sjostakovitsj var ein av desse, og når sjølvaste BFUng gjestar Hardanger Musikkfest spelar dei bl.a "Dance of the Tennis Players and Training Session".

På denne festkonserten får du også høyre fjorårets stjerneskot Mina Gursli Langesæter (foto: Stein Bjørge) i Mozarts hornkonsert nr. 3. Under leiing av Kjell Seim inviterar me til Hotel Ullensvang si storstove med feststemt energi frå landets fremste ungdomsorkester!

BFUng er blant Noregs fremste ungdomssymfoniorkester med medlem i alderen 15 - 25 år frå heile landet. 90 ungdommar vil fylla Hardangerhallen med tema Tennis.

Hornisten Mina Gursli Langesæter frå Lofthus er tidlegare medlem i BFUng. I 2021 vart ho Hardanger Musikkfest sitt "Stjerneskot" og i samspel med BFUng framfører ho Hornkonsert nr. 3 av Mozart.