Asle og Alida

Bergen Nasjonale Opera, Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene presenterer

Asle og Alida

Grieghallen

 

Blir framført på norsk, og teksta på norsk og engelsk
Varer om lag  2 timar og 15 minutt, inkludert 30 minutt pause etter 1. akt

Verdspremiere! Vi gir deg kjærleikshistoria om Asle og Alida, med tekst av Nobelpris-vinnaren John Fosse og tonar av Bent Sørensen.

Velkomen til verdspremiere på operaen Asle og Alida, signert forfattaren Jon Fosse og komponisten Bent Sørensen. Den kjende regissøren og Fosse-spesialisten Sofia Adrian Jupither skal gi scenisk liv til denne tidlause og gripande forteljinga her i Bergen.

Fleire år før Jon Fosse mottok Nobelprisen i litteraturen i 2023, vart han spurd av den då påtroppande operasjefen Eivind Gullberg Jensen i Bergen Nasjonale Opera om å skapa teksten til ein ny opera. Fosse valde kjærleikshistoria frå Trilogien, om dei to fattige tenåringane Asle og Alida som seglar inn til byen Bjørgvin. Dei leitar etter ei trygg hamn i ei hard verd, og søkjer trøyst i musikken og i kvarandre. Når alle nektar å opna dørene for den unge felespelaren og den gravide kjærasten hans, tek han drastiske val.

"For mig handler operaen om de tre bibelske begreber: Tro, Håb og Kærlighed, og frem for alt om sammensmeltningen mellem de tre. Troen på håbet, håbet om kærlighed, og som altid: Størst af alt er kærligheden. I Asles og Alidas tilfælde rækker kærligheden så ud over døden - døden skiller dem ikke ad. Musikken forsøger at fange den skønhed og gru, der ligger i kampen for kærligheden." Bent Sørensen

Ein ny produksjon frå Bergen Nasjonale Opera, i samarbeid med Det Kongelige Teater i København.
Presentert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene.

Etter verdspremieren i Bergen blir Asle og Alida spela i København i mai og juni 2025

Tekst: Bergen Nasjonale Opera