Festtonar

Hardingtonar

Festtonar

Fredag 7. juni

Norheimsund Idrettshall

Kjøp billett

Fredag 7. juni kl. 19.30

Legg til i kalender 2019-06-07 19:30:00 2019-06-07 22:30:00 Europe/Oslo Festtonar Norheimsund Idrettshall Hardingtonar har gleda av å få eit nytt besøk av Ragnhild Hemsing. Denne gongen som solist i Geirr Tveitt sitt stykke Tri Fjordar med Bergen Filharmoniske Orkester. http://harmonien.no/konserter-og-billetter/2019/06/festtonar/ Se beskrivelse Bergen Filharmoniske Orkester post@harmonien.no

Hardingtonar har gleda av å få eit nytt besøk av Ragnhild Hemsing. Denne gongen som solist i Geirr Tveitt sitt stykke Tri Fjordar med Bergen Filharmoniske Orkester.

Ragnhild Hemsing skil seg ut som ein uvanleg allsidig artist. Ho har djupe røter i folkemusikktradisjonen, og på ein vellykka måte smeltar ho saman typiske trekk ved norsk folkemusikk og klassisk musikk på ein ungdommeleg, frisk og moderne måte.

Hemsing har eit stort repertoar med klassiske soloverk for fiolin, og supplerer det med meir kompliserte verk skrivne for hardingfele som til dømes Geirr Tveitts «Tri fjordar» for hardingfele og orkester.
I 2018 fekk ho Hilmar Alexandersen musikkpris nettopp fordi ho saman med ein imponerande karriere som klassisk fiolinist også på framifrå måte har makta å løfte fram folkemusikken og hardingfela.

Hardingtonar har hatt gleda av å ha Ragnhild Hemsing på programet fleire gonger og i ulike samanhengar dei siste 10 - 12 åra.

Bergen Filharmoniske Orkester har sin base i Grieghallen, men er også heile Vestlandet sitt orkester. Dei har i mange år vore ein hjørnestein for musikkfestivalen Hardingtonar.