Opningskonsert på Hardingtonar

Opningskonsert på Hardingtonar

Fredag 9. juni

Norheimsund Idrettshall

Kjøp billett

Fredag 9. juni kl. 19:30

Legg til i kalender 2017-06-09 19:30:00 2017-06-09 22:30:00 Europe/Oslo Opningskonsert på Hardingtonar Norheimsund Idrettshall http://harmonien.no/konserter-og-billetter/2017/06/opningskonsert-paa-hardingtonar/ Se beskrivelse Bergen Filharmoniske Orkester post@harmonien.no

Bergen Filharmoniske Orkester innleier konserten med eit kort og lite framført verk av Geirr Tveitt, Utsyn. Stykket vart spela av Kringkastingsorkesteret i 1961 og så framført igjen på Hardingtonar i 2009 av Harmonien. Stykket heitte opphavleg Stev, og kan ha vore komponert som ein sats i Hardingtonane.

Benjamin Britten sine vakre sjø-mellomspel og passacagliaen er henta frå operaen om fiskaren Peter Grimes.

Den ofte framførte suiten til Bartók har eit folkemusikalsk preg med påverknad frå både ungarsk, romensk, slovakisk og arabisk folkemusikk.

Etter pausen får publikum høyre Edward Elgar sin fyrste symfoni frå 1908. Symfonien vart motteken med stor begeistring under urframføringa i Manchester og vart faktisk spelt heile hundre gonger i løpet av det fyrste året.